Media 360°

Ei tilskotsordning for aktivitetar på tvers av verdikjeda i den europeiske audiovisuelle sektoren.


Målet med tilskotsordninga er å utnytta synergien hos eksisterande økosystem og vidareutvikle potensiale for samarbeid på tvers av verdikjeda. Tilskot blir gitt til pakkar av aktivitetar som legg til rette for produksjon, promotering og distribusjon av europeisk innhald, og/eller innføring av ny teknologi eller nye forretningsmodellar for den audiovisuelle sektoren.  

Aktivitetane skal kome til nytte på tvers av verdikjeda (på område som talent og kompetanseutvikling, marknadar og nettverksbygging, innovasjon, privat investering, internasjonal samproduksjon) og ha kapasitet til ei stor europeisk og internasjonal deltaking. Søkarar må kunne presentere ein omfattande strategi og komplett pakke med aktivitetar, og kunne demonstrere at aktivitetane har ein verdifull og strukturerande effekt for heile den europeiske audiovisuelle industrien (inkludert dataspel).

Kven kan søke?

Enkeltståande selskap, eller eit konsortium beståande av minst to partnarar (frå land som er medlem av MEDIA-programmet). Ein av partnarane er prosjektleiar og sender inn søknaden på vegner av begge/alle partnarane. Partnarane kan elles ha ulik selskapsform: det kan vere private selskap, institusjonar, non-profit selskap, stiftelsar eller liknande. Enkeltpersonar kan ikkje søke. 

Kreativt Europa om Media 360°

Kreativt Europa MEDIA-programmet

Åpne kontaktskjema