Hopp til hovudinnhald
Digdir logoAltinn

Marknadsbesøket Trade Mission

Kvart år tar Innovasjon Noreg med norske bedrifter ut i verda gjennom bransjeretta marknadsbesøk kalla Trade Missions. Besøka gir deg innsikt i relevante marknader frå innsida. Du møter nøkkelaktørar i sektoren din, får direkte tilgang til nye forretningsmoglegheiter og bygger relasjonar som kan styrke den internasjonale satsinga di.

For kven?

Trade Missions er for norske bedrifter med klare internasjonale ambisjonar, ein styreforankra eksportstrategi og ressursar til å satse ute.

Kvifor delta?

På ein Trade Mission møter du potensielle kundar og forretningspartnarar. Du kan utforske relevante moglegheiter og skaffe verdifull informasjon for å ekspandere i ein marknad. Marknadsbesøket gir også førstehandskunnskap om lokale marknadsforhold og forretningskultur.

Ein Trade Mission bli skreddarsydd av lokale rådgivarar ved Innovasjon Noreg sine internasjonale kontor og programmet varierer avhengig av kva som skal bli oppnådd.