Lågrisikolån til landbruksformål
Treng du lån ut over private lån? Dette lånet er eit tilbod til eigarar av landbrukseigedom som har behov for finansiering av eit langsiktig kapitalbehov. Vi gir lån på konkurransedyktige vilkår med lang nedbetalingstid.
For kven
Bønder og eigarar av landbrukseigedom
Kva kan det brukast til
- Investeringar innan tradisjonelt landbruk eller andre landbruksbaserte næringar
- Kjøp av eigedom eller tilleggsareal
- Bustad på gardsbruk (ny og utbetring)
- Lånet tar alltid pant i landbrukseigedom og landbrukslausøyre.
Det kan ikkje bli gitt lån til investeringar som inneber vesentleg produksjonsauke for produksjonar med overproduksjon.