Når norske eksportørar inngår kontraktar med utanlandske kjøparar, blir det ofte kravd at dei stiller bankgaranti. Eksportfinansiering Noreg (Eksfin) kan avlaste eksportøren sin bank for inntil 50 prosent av risikoen knytt til slike garantiar.
Ordninga gjer det enklare for eksportørar å få nødvendige garantiar frå banken, og reduserer banken sin risiko ved større eksportprosjekt.
Det er eksportøren sin bank som søker om risikoavlasting hos Eksfin. For eksportørar med løpande behov for garantiar kan banken søke om ein rammeavtale.
Eksportfinansiering Noreg fremjer norsk eksport ved å stille garantiar for lån og betalingar på vegner av den norske staten.