Kraft-/heimfallsfondet skal fortrinnsvis brukast til næringsutvikling i distriktet, som til dømes bedriftsstøtte, tilrettelegging for næringsutvikling i regi av kommunen, stadsutvikling, ulike typar utviklingsarbeid, m.m. Den enkelte kommunen bestemmer nærmare korleis fondet skal brukast.
Private bedrifter i kommunen kan søkje støtte frå det kommunale kraftfondet. Støtte kan gjevast i form av lån og tilskot.
Ikkje alle kommunar har kommunale kraft-/heimfallsfond.