Undrar du korleis du kan verne dei immaterielle verdiane dine? Treng du hjelp til å sjå korleis du kan utnytte dei immaterielle verdiane til bedrifta for å auke innteninga? Vi kan sparre med deg og gi deg objektive råd.
IInnovasjon Norge kan gi deg konkrete råd og hjelper deg å hente inn riktig informasjon, slik at du kan ta betre avgjerder om vern for forretningsmessig utnytting av dei immaterielle rettane (IPR) dine.
Dette er ei gratis og nøytral rettleiing for gründerar, og små og mellomstore bedrifter som utviklar innovative produkt og tenester, og som har lite eller inga erfaring med IPR-systemet frå før.
Tilbodet er eit supplement til tenester som blir tilbydd av kommersielle aktørar.