Hopp til hovudinnhald
Digdir logoAltinn

Investeringar i drifts-, bygnings og produksjonsanlegg

Det kan bli gitt tilskot til investeringar i driftsbygningar, fôrlager og andre produksjons- eller lagerbygg for korn, potet, frukt og bær og tilhøyrande produksjonsutstyr av varig karakter og faste installasjonar til vatningsanlegg.

For kven?

Bønder som skal investere i oppgradering, fornying eller ny driftsbygning/produksjonsanlegg.

I Jordbruksavtalen er det fastsett følgande prioriteringar:

  • Små og mellomstore bruk
  • Bruk med mjølkeproduksjon og storfe som må tilpassa seg lausdriftskravet. Innan mjølkeproduksjon er bruk med inntil 30 kyr særskilt prioritert.
  • Investeringar for å betre dyrevelferd
  • Investeringar innan korn-, frukt-, grønt- og veksthusnæringa
  • Prosjekt med klima- og energieffektive løysingar

Det blir ikkje gitt stønad til investeringar som inneber vesentleg produksjonsauke for produksjonar med overproduksjon.

Kva kan det bli brukt til?

  • Oppgradering, fornying eller ny driftsbygning eller produksjonsanlegg.
  • Faste installasjonar til vatningsanlegg.
  • Investeringsprosjekt skal representere eit løft og ei klar oppgradering.

Tiltak av vedlikeholdsprega karakter blir ikkje prioriterte.