Hopp til hovudinnhald
Digdir logoAltinn

Investeringar i tradisjonelt landbruk, kjøp av eigedom og tilleggsareal

Skal du investere i landbrukseigedommen din for å effektivisere drifta eller auke produksjonen? Kanskje du må gjere små investeringar i forbindelse med generasjonsskifte? Innovasjon Noreg tilbyr finansiering, dersom du har eit lønsamt prosjekt.

Innovasjon Noreg kan støtte investeringar i driftsbygningar og produksjonsanlegg, gjødsellager, landbrukseigedommar, kjøp av eigedom og tilleggsareal for mindre investeringar i samband med generasjonsskifte. 

Kven kan få finansiering?
Det kan bli gitt stønad til bønder og eigare av landbrukseigedom. Det må vere næringsverksemd av eit visst omfang på eigedommen, eller potensial for næringsverksemd av eit visst omfang.