Innovasjonsprosjekt i næringslivet

Eit innovasjonsprosjekt i næringslivet er eit prosjekt leia av ei bedrift med omfattande innhald av forskings- og utviklingsaktivitetar. Innovasjonsprosjektet skal gje eit betydeleg bidrag til fornying og auka verdiskaping for bedriftene som deltek i prosjektet, og for norsk næringsliv generelt ved at ny kunnskap og nye løysingar blir tilgjengelege.


Innovasjonsprosjektet skal ta utgangspunkt i ein unik idé om nye eller forbetra produkt, tenester eller løysingar hos bedriftene som deltek i prosjektet.

Kven kan søkje om støtte til Innovasjonsprosjekt i næringslivet?

Søkjar må vere registrert i det norske føretaksregisteret og ha økonomisk aktivitet i Noreg. Søkjar må anten vere ei privat bedrift eller eit offentleg føretak som driv verksemd av industriell eller forretningsmessig karakter.

Enkeltpersonføretak og forskingsorganisasjonar kan ikkje søkje.

Den tidlegare støtteordninga "demonstrasjonsprosjekt i næringslivet" er frå 2024 ein del av innovasjonsprosjekt i næringslivet.

Forskningsrådet – Innovasjonsprosjekt i næringslivet

Åpne kontaktskjema