Grønt risikolån rettar seg mot klima- og miljøvennlege investeringar i norske bedrifter. Lånet skal bidra til grøn omstilling av norsk næringsliv, og kan vere aktuelt for både etablert næringsliv som skal endre produksjonsprosessane sine og for nye industrietableringar.
Innovasjon Norge har inngått avtale med Det europeiske investeringsfondet (EIF), som under gitte vilkår kan garantere for delar av lånebeløpet, slik at lånetakar kan få betre vilkår.
Norske bedrifter i heile landet, men helst små og mellomstore bedrifter.
Bedrifter med ambisjonar og gjennomføringsevne til å levere anlegg, teknologiar, varer og tenester til ein internasjonal marknad.
For å oppnå Grønt risikolån, må prosjektet ha talfesta miljøeffektar og kvalifisere for miljømåla i EUs taksonomi. I søknaden må de beskrive og kvantifisere i kva grad prosjektet bidreg vesentleg til miljømåla. Dette gjeld både når positiv miljøeffekt er direkte og indirekte.
Lånet kan brukast til å finansiere kommersialisering og spreiing av innovativ klima- og miljøteknologi, irekna investeringar i produksjonsutstyr eller kapitalstyring for organisasjons- og marknadsutvikling. Lånet kan også bli brukt i ulike bransjar for investeringar i meir miljøvenleg produksjonsteknologi eller sirkulære produksjonsprosessar.
Kort oppsummert må enten produkta som blir leverte eller sjølve produksjonsprosessen bidra til redusert klima- eller miljøfotavtrykk.
Innovasjon Norge om grønt risikolån