Fond for utøvande kunstnarar
Alle ordningane har nokre overordna kriterium:
- FFUK gir stønad til profesjonelle utøvande kunstnarar som bur og hovudsakleg har virket sitt i Noreg. Der er der ein faktisk bur og har basen sin som utøvar som er avgjerande, ikkje kor ein er folkeregistrert.
- Fondslova definerer musikarar, songarar, skodespelarar, dansarar, sceneinstruktørar, dirigentar, og andre som gjennom kunsten sin framfører åndsverk eller tradisjonsuttrykk, som utøvande kunstnarar.
- Med profesjonelle utøvarar, meiner ein dei som har det utøvande virket sitt som sitt hovuderverv, altså yrket sitt. Midlane går hovudsakleg til frilansverksemd og til frie grupper.
- Alle søknadane og vedlegg skal vere på norsk.
- Dersom ein søknad blir innvilga, må prosjektet bli gjennomført som beskriven i søknaden. Det er derfor ikkje hensiktsmessig å sende inn søknadar der mykje ennå ikkje er klart.
- Prosjektet du søker om stønad til bør ikkje ligge lengre fram i tid enn at det er forventa ferdigstilla innan 1 år frå ei eventuell tildeling (2 år for innspelingar).
- Svar på søknad kjem cirka 6 veker etter søknadsfristen.
Fondet har følgande stønadsordningar:
Innspeling av album
Det kan bli søkt stønad til innspeling av album, med minimum 25 minutt speletid, der profesjonelle utøvande kunstnarar busette i Noreg medverkar. Innspelinga må ligge fram i tid, og må i sin heilskap bli gjort i Noreg.
Konsertar
Denne ordninga kan det søkast på i forbindelse med konsertar og turnear i Noreg og utland. Midlane er øyremerka honorar til medverkande profesjonelle utøvande kunstnarar, fortrinnsvis musikarar og songarar, som er busette i Noreg.
Reisestønad
Profesjonelle utøvande kunstnarar busette i Noreg kan søke om stønad til kortvarige reiser. Formålet med reisa må vere direkte knytt til virket som utøvande kunstnar. Maksimal stønadssum er kr. 10 000.
Etterutdanningsstipend
Fondet sitt etterutdanningsstipend kan det søkast på for etterutdanning og fagleg utvikling innan yrket som utøvande kunstnar. Det bør vere eit strukturert opplegg med ein fagleg plan og med ei varigheit som strekker seg over meir enn nokre få dagar. Etterutdanningsstipendet har fast størrelse på kr. 25 000.
Scenekunst – dans, teater, musikkteater/blanda scenekunst
Denne ordninga kan det søkast på til sceniske framføringar i Noreg eller utlandet der profesjonelle utøvande kunstnarar busette i Noreg medverkar. Det kan også bli søkt om stønad til prøvetid i forkant av visning. Det kan ikkje søkast om stønad til forprosjekt.
Kurs og seminar
Ordninga kan søkast på til å arrangere kurs, workshops eller seminar retta mot profesjonelle utøvande kunstnarar busette i Noreg. Kurset må vere i Noreg, og ha eit innhald som er direkte knytt til virket som utøvande kunstnar.
FFUK sitt utøvarstipend 2025
Fondet sitt utøvarstipend kan søkast av profesjonelle frilans utøvande kunstnarar. Stipendet har fast størrelse på kr 100.000. Søknaden er personleg, og det kan ikkje søkast på vegner av andre. Det vil i 2025 bli delt ut inntil 80 utøvarstipend. Søknadsskjemaet er tilgjengeleg frå måndag 2. juni kl. 12.00. Søknadsfristen er 2. september kl. 13.00.