Etablerartilskot landbruk - marknadsavklaring

Ønsker du å starte med annan landbruksbasert næring på garden? Det kan bli gitt tilskot til aktivitetar for å avklare og utvikle forretningsidéen din.


For kven  

Hovudmålgruppa er eigarar av landbrukseigedom eller som har tilknyting til landbrukseigedom som ønsker å starte med ei anna landbruksbasert næring på garden.  

Mindre bedrifter som bruker landbruket sine ressursar og skaper ein betydeleg meirverdi for primærprodusentar kan også søke tilskot.  

Marknadshagar/småskala grønt blir i denne samanhengen rekna som andre landbruksbaserte næringar.  

Kva kan det brukast til  

Tilskotet kan bli brukt til å finansiere aktivitetar for å avklare realismen i forretningsideen. Dette kan vere marknadsundersøkingar, økonomiske analysar og vurderingar, utarbeide forretningsplan og forretningsmodell, avklare ressursgrunnlag, kompetansebygging og enkel testproduksjon.  

Innovasjon Norge om etablerartilskot landbruk - marknadsavklaring

 

Åpne kontaktskjema