Hopp til hovudinnhald
Digdir logoAltinn

Eksportframstøyt - tilskot til deltaking på messer

Tilskotet er for bedrifter som skal vere utstillarar på ei internasjonal messe. De har eigenutvikla produkt eller løysingar som skal visast fram på messa.

Kven kan søke?

Norske bedrifter (aksjeselskap) som:

  • har minst 1 tilsett (eitt årsverk) og færre enn 100 tilsette
  • skal delta som utstillar, ikkje berre deltakar, på ei næringsretta (B2B) messe i utlandet
  • har eigenutvikla produkt eller løysingar som skal visast fram på messa

 

Ordninga gjeld ikkje for:

  • bedrifter som er 100 % eigde av ei stor bedrift, som har 250 tilsette eller fleire
  • kommuner/fylkeskommuner, utdanningsinstitusjoner, interesseorganisasjonar, næringslivs- og arbeidsgivarorganisasjonar, ideelle organisasjonar, bransjeorganisasjonar, destinasjonsselskap, klynger, eller bedrifter der kommune, fylkeskommune eller staten eig 50 % eller mer.
  • bedrifter som ikke er etablert som aksjeselskap (ENK, ANS, DA, SA osv)
  • agentur, grossister, distributører med vidare som ikke har egenutviklede produkter/løsninger de skal vise fram på messen
  • næringshager, næringsparker, industriparker med vidare
  • klynger og nettverksorganisasjonar

Kva kan det brukast til:

Bedrifta kan maksimalt motta tilskot til å stille ut på to messer i løpet av ein periode på 12 månader.
Tilskotet kan bli brukt til:

  • Utstillingsaktivitet på næringslivsretta messer i utlandet, medrekna fellespaviljongar, fellesstands, showrooms eller som individuell utstillar på messe
  • Deltaking på felles sidearrangement i forbindelse med næringslivsretta messer i utlandet som bedrifta også er utstillar på. Arrangementa kan vere B2B-matchmaking, workshop, seminar og liknande, som underbygger formålet med messedeltakinga 


Innovasjon Noreg prioriterer messer der norske bedrifter deltar i fellesskap og står under ein felles merkevareparaply, men det er likevel anledning for enkeltutstillarar å søke om tilskot.