Eksportframstøyt - tilskot til deltaking på messer

Vurderer bedrifta di å vere utstillar på ei framtidig internasjonal messe saman med andre norske selskap? Planlegg bedrifta å delta på felles arrangement knytt til messa? Hos Innovasjon Norge kan du søke om tilskot, dersom det gjeld framtidige arrangement der kostnadane ikkje allereie har starta.


Kven kan søke?

Små og mellomstore norske bedrifter (SMB-er) med potensial for, og ambisjonar om, auka eksport av grøne løysingar som bidrar til å løyse globale samfunnsutfordringar.

Kva kan det brukast til?

  • Utstillingsaktivitet på næringslivsretta messer i utlandet, irekna fellespaviljongar, fellesstandar eller som individuell utstillar på messer der det allereie er fleire norske deltakarbedrifter.
  • Deltaking på felles arrangement i forbindelse med næringslivsretta messer i utlandet der bedrifta også er utstillar. Arrangementet kan for eksempel vere B2B- matchmaking, workshops og/eller seminar som underbygger formålet med tilskotsordninga. Arrangement i forbindelse med norske fellespaviljongar blir prioriterte.

Kostnader Innovasjon Norge kan dekke er:

  • deltakaravgift for bedriftsstand som den enkelte bedrift som utstillar blir fakturert av arrangøren av ein norsk paviljong på ei næringslivsretta messe i utlandet
  • ddeltakaravgift som den enkelte bedrift som utstillar blir fakturert av arrangøren av eit sidearrangement i forbindelse med same messe
    utgifter som blir fakturerte direkte frå messearrangøren eller standbyggar/designar som standleige, -design og/eller - teknisk arbeid, der den norske bedrifta ikkje er ein del av ein norsk paviljong

Innovasjon Norge om eksportfremstøyt - tilskot til deltakelse på messer

 

Åpne kontaktskjema