Gjennom Designdrivne innovasjonsprogram (DIP) gir DOGA økonomisk stønad til å involvere designarar i idefasen av eit innovasjonsprosjekt.
Føresetnaden for å få stønad frå DOGA sitt DIP-program er at brukarane bli involverte i idefasen og at designarar er med heilt frå starten. De kan søke om stønad til å gjennomføre eit DIP-prosjekt enten de driv med produkt, tenester eller begge delar. Utviklingsfasen får de ikkje stønad til.
Alle private, momsregisterte vare- og tenesteytande føretak, organisasjonar eller institusjonar kan søke om stønad frå DIP. Enkeltpersonføretak kan ikkje søke om stønad.