Delegasjonar
Næringslivsdelegasjonar følger norske statsbesøk og offisielle besøk i utlandet. Delegasjonane er effektive verkemiddel for å skape vekst, auke eksport og konkurranseevne for norsk næringsliv i internasjonale marknadar.
På oppdrag frå Nærings- og fiskeridepartementet (NFD) er Innovasjon Norge ansvarleg for å organisere næringslivsdelegasjonar som følger norske statsbesøk og offisielle besøk i utlandet.
For kven?
Alle bedrifter innan relevant industri for delegasjonen.
Kvifor delta?
Delegasjonane har som formål å skape ei heilskapleg tilnærming på tvers av politikk, næring og kultur. Dei har bevist å vere effektive verkemiddel for å skape vekst, auka eksport og konkurranseevne for norsk næringsliv på internasjonale marknadar.