Byggelånsgaranti for skip

Eksportfinansiering Noreg (Eksfin) tilbyr byggelånsgaranti som gir risikoavlasting for bankar som gir byggelån til norske skipsverft.


Ordninga bidrar til at norske verft, offshoreverkstadar og leverandørar til havnæringa får betre tilgang på byggelån for nye fartøy, ombyggingar og maritime installasjonar, som for eksempel fundament til havvind. 

Garantien dekker banken sin risiko for byggelån som blir gitt til produsenten, og blir avslutta når kjøparen har betalt ved levering av skipet eller installasjonen. Han kan også bli brukt ved større underleveransar til slike prosjekt. 

Kven kan søke?

Produsenten (for eksempel verftet), banken eller tilretteleggjare kan søke.

Eksportfinansiering Noreg fremjer norsk eksport ved å stille garantiar for lån og betalingar på vegner av den norske stat.

Eksportfinansiering Noreg om byggelånsgaranti for skip

Åpne kontaktskjema