Bedriftsnettverk i andre landbruks- og reindriftsbaserte næringar

Har bedrifta di behov for hjelp til å styrke samarbeidet med andre bedrifter, skape tillit, identifisere felles utfordringar og interesser?


For kven 

Små og mellomstore bedrifter med vekstambisjonar, og som har evne og vilje til å inngå strategisk kommersielt samarbeid med andre bedrifter.  

  • Eit fleirtal av bedriftene i nettverket/det planlagde nettverket skal drive næring med utgangspunkt i landbruket sine ressursar.  
  • Primærprodusentar i landbruket, ferskvass-/innlandsfiske- og næringsmiddelbedrifter som utviklar, foredlar og sel kvalitetsprodukt baserte på lokale råvarer.  
  • Reiselivsbedrifter som ønsker å utvikle tilbod med utgangspunkt i landbruket sine ressursar, irekna mat, overnatting, servering, natur- og kulturbaserte aktivitetar og opplevingar, haustbart vilt og andre utmarksressursar.  
  • Inn på tunet-tilbydarar innanfor Stiftelsen Norsk Mat sine godkjenningsordningar.  
  • Tenestene i programmet kan også bli tilbydd andre utøvarar av næringar baserte på landbruket sine ressursar som enten er i ein vekstfase eller del av eit nettverk.  

Kva kan det brukast til

Tilskotet bidrar til at små og mellomstore bedrifter med vekstambisjonar etablerer strategisk, marknadsretta og kommersielt samarbeid med andre bedrifter. Samarbeidet skal gi bedriftene auka kompetanse og andre ressursar for å styrke innovasjonsevne og konkurransekraft.

Innovasjon Norge om bedriftsnettverk i andre landbruks- og reindriftsbaserte næringar

 

Åpne kontaktskjema