Hopp til hovudinnhald
Digdir logoAltinn

Barentsprosjekt

Eit Barentsprosjekt er eit samarbeid mellom deltakarar frå dei nordnorske og samiske områda i Noreg, og frå det nordlege Sverige eller Finland.

Hovudformålet med prosjektmidla er å bidra til utvikling av gode lokalsamfunn i Nord-Noreg gjennom internasjonalt samarbeid.

.Ordninga skal fremme samfunnsutvikling i nord og styrke kontakten mellom folk, institusjonar og organisasjonar på tvers av landegrensene i Barentsregionen.

Kven kan søke?

Søkar kan vere ein privat eller offentleg nordnorsk eller samisk (frå norsk del av Sampi) institusjon, bedrift, stiftelse eller organisasjon som er registrert med organisasjonsnummer i Brønnøysundregistera.

Prosjektet må ha ein partnar i Nord-Sverige, Nord-Finland eller begge, og det kan også inkludere uavhengige russiske aktørar i Barentsregionen. I spesielle tilfelle kan samarbeid med partnarar frå nordlege delar av Norden eller arktiske område i Canada og USA vurderast.

Søknaden må vere send inn før hovudaktiviteten i prosjektet har starta.