Hopp til hovudinnhald
  1. Start
  2. Starte og drive bedrift
  3. Støtteordninger
  4. BarentsKult

BarentsKult

BarentsKult har som mål å fremje og finansiere prosjekt innanfor feltet kunst og kultur, i hovudsak med deltakarar frå den norske, svenske og finske delen av Barenntsregionen og heile Sápmi.

BarentsKult er Barentssekretariatet sitt kulturprogram retta mot profesjonelle kunst- og kulturaktørar som ønsker å samarbeide med kollegaer nord i Sverige og Finland eller andre geografiske område.

Kven kan søke?

Søknaden skal vere frå nordnorsk eller samisk partnar (frå norsk del av Sápmi) i prosjektet. Søkar kan vere ein privat eller offentleg institusjon, bedrift, stiftelse eller organisasjon som er registrert med organisasjonsnummer i Einingsregisteret. 

BarentsKult er ei finansieringsordning som berre er open for nordnorske søkarar og samiske aktørar frå norsk del av Sápmi. 

BarentsKult gir stønad til samarbeidsprosjekt som involverer både norske og utanlandske deltakarar (sjå under for geografisk verkeområde). Prosjekt med berre norske deltakarar kan ikkje søke om stønad. 

BarentsKult finansierer kulturprosjekt der deltakarane er profesjonelle kunst- eller kulturaktørar. 

Prosjekta som får innvilga stønad skal ha god kunst- og kulturfagleg kvalitet og nyskaping. 

Vi prioriterer å gi stønad til tiltak der profesjonelle kunstnarar/aktørar frå Nord-Noreg planlegg og gjennomfører kunstutvikling saman med partnarar frå andre land (primært frå svensk og/eller finsk del av Barentsregionen). Med det meiner vi at kunstutviklinga skjer i eit reelt samarbeid. 

Barentssekretariatet ønsker å gi stønad til prosjekt som bidrar til samfunnsutvikling i nord på ein måte som både er målbar og varig. Derfor ser vi etter prosjekt som vektlegg nyskaping, auka kompetanse, har overføringsverdi og som gir konkrete, varige resultat. 

Prosjekt med fokus på teknologi vil bli vurderte positivt. 

Ungdom og urfolk er prioriterte målgrupper i alle Barentssekretariatet sine programområde, men det er også ope for andre aldersgrupper og folk å søke. 

Barentssekretariatet finansierer prosjekt, og dette inneber at aktiviteten skal ha ein avslutningsdato. Barentssekretariatet kan gi stønad til prosjekt som går over 36 månader og maksimalt varer i 4 år. Fleirårige prosjekt skal ha ei årleg utvikling. Det kan ikkje påreknast stønad til prosjekt i fleire år dersom innhaldet er det same frå år til år.