Hopp til hovudinnhald
  1. Start
  2. Starte og drive bedrift
  3. Støtteordninger
  4. Arbeidsavklaringspengar mens du etablerer eiga verksemd

Arbeidsavklaringspengar mens du etablerer eiga verksemd

Du kan søke om å behalde arbeidsavklaringspengar i ein avgrensa periode mens du etablerer eiga verksemd.

Du kan få arbeidsavklaringspengar i inntil seks månader mens du er i ein utviklingsfase og/eller tre månader mens du er i ein oppstartsfase.

Det er eit krav at etableringa sannsynlegvis fører til at du kan forsørge deg sjølv, eventuelt i kombinasjon med uføretrygd. Du kan berre søke om du har tenkt å starte ei ny verksemd.

Ta kontakt med NAV for meir informasjon om korleis du går fram.