Verkemidlar og tilskot frå Rogaland fylkeskommune

Fylkeskommunen forvaltar ulike finansieringsordningar i arbeidet med næringsutvikling. Målgruppa for den enkelte tilskotsordning kan vere noko ulik.


Nokre av ordningane det kan søkast tilskot og stønad frå:

Berekraftig omstilling i Rogaland (BOR) 

Midlane skal støtte prosjekt som bidrar til at Rogaland speler ei sentral rolle når det gjeld berekraftig næringsutvikling i privat og offentleg sektor.

Prioriterte tema er

  • omstilling for grøn verdiskaping
  • rett kompetanse og tilstrekkeleg med arbeidskraft

Prosjekta skal vere forankra i Regionalplan for kompetanse i Rogaland eller i eitt av fleire av dei tre satsingsområda i Nærings- og innovasjonsstrategien til Rogaland fylkeskommune: rein energi og maritim framtid, mat og reiseliv og opplevingar. 

Kompetansenettverk lokalmatproduksjon  

Fem regionale kompetansenettverk gir deg matfagleg kunnskap gjennom blant anna kurs og besøksordning. Kompetansenettverka er ein del av tilbodet i Innovasjon Norges Utviklingsprogram for landbruks- og reindriftsbasert vekst og verdiskaping. 

Ulla-Førrefondet  

Ulla-Førrefondet skal vere ein offensiv reiskap i arbeidet med grøn omstilling av næringslivet og utvikling av høgare utdanning i Rogaland, med vekt på utdanning, forsking, teknologiløysingar og andre samfunnsnyttige tiltak i tråd med dette. 

FORREGION Rogaland 

FORREGION skal bidra til auka berekraftig verdiskaping hos næringslivet i Rogaland gjennom forskingsbasert innovasjon. Stønadsordninga skal få fleire bedrifter til å bruke forsking i innovasjonsarbeidet sitt og mobilisere næringslivet til å bruke andre verkemidlar for forsking.

Regionalt næringsfond

Regionalt næringsfond skal vere eit målretta verkemiddel for kommunar og regionar i Rogaland, med formål om å stimulere til næringsutvikling og berekraftig verdiskaping i tråd med Nørings- og innovasjonsstrategien for Rogaland. I tillegg inngår det nasjonale midlar i fondet, lyremerka tiltak som skal bidra til å møte distriktsutfordringar.  

Midlane skal styrke utviklingskapasitet og strategisk arbeid i distriktskommunar, blant anna gjennom nye måtar å løyse oppgåver på og gjennom ei meir heilskapleg og langsiktig samfunnsplanlegging. Prosjekta skal ta utgangspunkt i kommunane sine eigne behov og utfordringar, og er ikkje nødvendigvis avgrensa til dei næringsområda som er definerte i Nærings- og innovasjonsstrategien. 

Gjennom fondet vil fylkeskommunen støtte prosjekt som fremmar nye arbeidsmåtar og bidrar til å styrke utviklingskapasiteten, løfte den strategiske samfunnsplanlegginga, skape grunnlag for næringsutvikling og auka verdiskaping, i tillegg til å gjere Rogaland meir attraktiv som bu- og besøksregion. 

Regionale tilretteleggingsmidlar i landbruket (RT – midlar)

RT-midlane skal støtte utviklingsprosjekt som fremmar regional næringsutvikling, rekruttering og kompetanseheving i landbruket i Rogaland. 

Dette inkluderer tiltak som bidrar til omstilling, klimasmart utvikling, modernisering av både økologisk og tradisjonelt landbruk , i tillegg til utvikling av ressursgrunnlaget til garden, lokal mat, drikke og reiseliv. 

Prosjekta må vere i tråd med kapittelet om mat i Nærings- og innovasjonsstrategien for Rogaland og bidra til verdiskaping og berekraftig utvikling innan landbruket i Rogaland. 

Breibandsutbygging i Rogaland

Breibandsmidlane skal bidra til utbygging av breiband i geografiske område der det ikkje er kommersielt grunnlag for investeringar 

Rogaland fylkeskommune om tilskot

Åpne kontaktskjema