Verkemidlar og tilskot frå Agder fylkeskommune

Agder fylkeskommune forvaltar fleire næringsretta tilskotsordningar som skal bidra til å nå hovudmålet i regionplan Agder 2030: Å utvikle Agder til ein miljømessig, sosialt og økonomisk berekraftig region i 2030 – eit attraktivt lågutsleppssamfunn med gode levekår.


Målgruppa for den enkelte tilskotsordninga kan vere noko ulik, og innretning og finansiering av tilskotsordningane kan variere frå år til år.

Verd Investering AS

Verd investering AS er eit investeringsselskap eigd av Agder fylkeskommune, alle kommunane i Agder og næringsliv som bankar og forsikringsselskap, energiverk og skogeigarforeining. Formålet til selskapet er å fremme bedriftsetableringar og eksisterande næringsverksemd med sikte på å gi varige og lønnsame arbeidsplassar. Dette blir gjort gjennom å investere i små og mellomstore bedrifter i Agder, ved å gå inn som medeigar i bedriftene. Dette er altså ikkje ei tilskotsordning, men eit fond som kan investere i tidleg-fase-selskap med forretningsadresse og hovudaktivitet i Agder.

Driv Agder

Driv Agder er heile regionen sitt etablerarsenter. Driv Agder skal legge til rette for at fleire lykkast med å starte og utvikle eiga verksemd. Dei tilbyr gratis rettleiing og har ei omfattande kursliste, sånn at du kan velje og sette saman kurs som møter dei spesifikke behova dine. Alle kurs er gratis for gründerar i fylket.

Forskingsmobilisering Agder

Forskingsmobilisering Agder er eit samarbeid mellom Agder fylkeskommune og Noregs forskingsråd. Formålet er å stimulere små og mellomstore bedrifter til å bruke forsking i innovasjons- og utviklingsprosessane sine. Dette er eit lågterskeltilbod til alle private bedrifter i Agder, med mindre enn 250 tilsette, men det er ein føresetnad at ein ikkje har nemneverdig erfaring med forsking få tidlegare.

Regionale næringsfond

Agder fylkeskommune delfinansierer regionale næringsfond i samarbeid med kommunane i  Agder. Det er seks regionale næringsfond i Agder, som saman omfattar alle kommunane i regionen. Agder fylkeskommune, Innovasjon Noreg og ev. andre regionale aktørar deltar som observatørar i fonda. Formålet med næringsfonda er å fremme ny næringsverksemd og vidareutvikle eksisterande bedrifter. Fonda styrkar samspelet mellom nasjonale, regionale og kommunale verkemidlar for næringsutvikling.

Regionalt næringsfond for Arendal, Grimstad og Froland

Regionalt næringsfond for Kristiansand, Lindesnes og Vennesla

Regionalt næringsfond for Lillesand, Birkenes og Iveland

Regionalt næringsfond for Østregionen

Regionalt næringsfond for Setesdal

Listerfondet

 

Tilskot til normal-ladarar for reiselivsnæringa i Agder

Agder fylkeskommune har tilskotsmidlar til ladeinfrastruktur for elbil. Ordninga er for reiselivsaktørar som vil sette opp normal-ladeboksar for besøkande i Agder. Ladeoperatørar kan også søke på vegner av aktørar i reiselivsnæringa.

Tilskot til regionale næringsutviklingsprosjekt

Agder fylkeskommune si tilskotsordning til regionale næringsutviklingsprosjekt skal delfinansiere samarbeidsprosjekt og satsingar som kan bidra til framvekst av nye næringar, ein meir variert næringsstruktur og auka sysselsetting i Agder. Det kan bli gitt tilskot til igangsetting av nye regionale utviklings- og samhandlingsprosjekt, og til å følge opp Agder fylkeskommune sin økonomiske innsats i pågåande, fleirårige prosjekt som blei utløyst gjennom dei næringsretta tilskotsordningane for føregåande år. Tiltaka må vere regionale utviklingsprosjekt og fokus skal vere på næringsutvikling og å stimulere framvekst av nye arbeidsplassar over heile Agder.


Tilskotsmidlar til landbruket

Agder fylkeskommune forvaltar statlege midlar til utvikling i landbruksnæringa. Dette er tilskotsmidlar til regional tilrettelegging i landbruket (RT-midlar).
Det kan bli gitt tilskot til

  • utvikling og fornying av det tradisjonelle landbruket
  • støtte utvikling av andre landbruksbaserte næringar gjennom utviklings- og mobiliseringstiltak

Alle offentlege og private aktørar og verksemder med konkrete utviklingsprosjekt/-tiltak kan søke.

Tilskot til styrka satsing på sosialt entreprenørskap

Ordninga er retta mot prosjekt som har ein klar sosial profil og som bidrar til å løyse samfunnsutfordringar på ein innovativ måte. I tillegg bygger ordninga opp under aktørar som bidrar til å styrke økosystemet rundt dei sosiale entreprenørane.
Kva det kan søkast om tilskot til, er todelt:

  • Tiltak i regi av sosiale entreprenørar som gjennom ei ny teneste, eit nytt produkt eller nye prosessar bidrar til å løyse samfunnsutfordringar på nye og innovative måtar. Det er heilt sentralt at søkar sjølv definerer seg som ein sosial entreprenør og kan vise til ein berekraftig forretningsmodell.
  • Tiltak i regi av aktørar som kan bidra til å tilrettelegge og støtte opp om sosiale entreprenørar. Søkar må vise korleis tiltaket bidrar til å bygge eit robust økosystem for eit langsiktig arbeid med sosialt entreprenørskap.

Tilskot til sirkulær innovasjon

Tilskotsordninga skal få fram prosjekt der sirkulærøkonomi og bedriftssamarbeid er sentralt. Ordninga støttar også forprosjekt med nasjonale og internasjonale ambisjonar. Ordninga er primært retta mot konkrete bedriftssamarbeid i regionen. Det skal vere eit formelt samarbeid mellom minimum to bedrifter som ønsker å levere noko nytt eller bruke avfall som ressurs i eigen produksjon.

Agder fylkeskommune - tilskotsoversikt

Agder fylkeskommune om støtteordningar

Åpne kontaktskjema