Hopp til hovudinnhald
  1. Start
  2. Starte og drive bedrift
  3. Støtteordninger
  4. Tilskot til sending av sæd og inseminering av storfe og svin

Tilskot til sending av sæd og inseminering av storfe og svin

Distributør av sæd frå godkjent avlsorganisasjon kan søke om tilskot for utjamning av inseminasjons- og distribusjonskostnader.

Tilskotet skal bidra til at storfe- og svineprodusentar sin eigendel ved inseminering og sending av sæd kan bli halden på same nivå over heile landet.

  • Føretaket du søker for må:
    -    ha som formål å distribuere sæd frå godkjent avlsstasjon i Noreg eller sæd frå godkjent utanlandsk avlsorganisasjon/selskap frå importlager i Noreg
    -    ha ei landsdekkande distribusjons- og inseminasjonsteneste
    -    kunne dokumentere at det blir gitt eit likeverdig tilbod til alle brukarane innanfor kvart fylke, og føre oversikt over kva dyr som er inseminerte med kva sæd
  • Insemineringa skal vere utført av veterinær, seminteknikar eller eigar/røktar med løyva frå Mattilsynet for eigarinseminasjon
  • Ved inseminasjonsreise gjennomført av veterinær kan ikkje distributørane bruke tilskotsmidlar til å godtgjere reisa for meir enn 40 km av reiselengda
  • Tilskotet kan ikkje blir overdrege til eige eller pant