Norske uavhengige produksjonsselskap kan søke om produksjonstilskot til fiksjon, animasjon eller kreativ dokumentar for TV eller digitale plattformer.
Denne ordninga er ein del av Kreativt Europa MEDIA-programmet.
Formålet med ordninga er å styrke den uavhengige europeiske film- og TV-bransjen gjennom å støtte selskap som ønsker å lage innhald av høg kvalitet for TV og strøymetenester. Ordninga skal bidra til europeisk og internasjonal samproduksjon, auke samarbeidet mellom aktørar på tvers av verdikjeda og mellom land med ulik produksjonskapasitet.
Uavhengige europeiske produksjonsselskap baserte i land som er medlem av MEDIA-programmet.
Kva slags prosjekt kan få tilskot?
Søknaden kan ikkje bli levert inn etter at første opptaksdag (principal photography/start of animation) har funne stad.
Prosjektet må vere intendert for TV eller strøymeteneste og det må vere gjort bindande avtalar (LOC) med minimum to TV-kanalar eller strøymetenester frå to land som delar i MEDIA-programmet. Hovudandelen av selskapa involverte i produksjonen og stab/medverkande må vere baserte i land som er medlem av MEDIA-programmet.
Kreativt Europa om produksjonstilskot for TV og strøymetenester