Stønad til lokalkringkasting på radio og TV
Målgruppa for tilskotsordninga er lokalkringkastingskonsesjonærar, registrerte kringkastarar, podkasttenester og audiovisuelle bestillingstenester som hovudsakleg tilbyr innhald retta mot eit lokalt publikum. I tillegg finst det ein søknadskategori for nasjonale bransjeorganisasjonar for lokale lyd- og bildemedium, og ein for anleggskonsesjonærar i digitale lokalradionett.
Tilskotsordninga har som hovudmål å bidra til mediemangfald, ytringsfridom og å styrke den demokratiske funksjonen dei lokala lyd- og bildemedia har i samfunnet.
Halvparten av midla er reservert digitalisering av lokalradioar.
Du kan søkje om:
- investeringstilskot til digitalisering av lokalradio
- programproduksjonar og utviklingsprosjekt som stimulera til bruk av norsk
- driftstilskot til nasjonale bransjeorganisasjonar for lokale lyd- og bildemedium
- driftstilskot til lokalradioar for etniske og språklege minoritetsgrupper
- prosjekttilskot til lokale programproduksjonar
- prosjekttilskot til kompetansehevande tiltak
- prosjekttilskot til utviklingsprosjekt
Søknadsfrist blir publisert på Medietilsynet sine nettsider.