Music Norways stønad til møteverksemd

Tilskot til møter i utlandet med internasjonale aktørar som skal føre til nye oppdrag eller avtalar.


Formålet med ordninga er å auke etterspurnad, interesse og merksemd for norske utøvarar, komponistar, låtskrivarar og musikkselskap internasjonalt.

Kva kan du søke stønad til?

Det kan søkast om tilskot til møter i utlandet med relevante internasjonale aktørar som skal føre til nye oppdrag eller avtalar. Det kan søkast om tilskot til å dekke reise og overnatting, samt deltakaravgift ved viktige bransjetreff.

Kven kan søke?

Utøvarar, artistar, opphavspersonar, komponistar, låtskrivarar og tekstforfattarar, samt norske musikkselskap som representerer eller formidlar desse eller deira verk. Søkar må vere norsk statsborgar eller busett i Noreg, og vere registrert i føretaksregisteret.

Music Norway om stønad til møteverksemd

Stikk.no - Søknad om stønad til møteverksemd

Åpne kontaktskjema