Starte og registrere norsk avdeling av utanlandsk føretak (NUF)
Når registreringa er ferdig behandla vert svaret sendt til innsendaren.
Utanlandsk statsborgar
Dersom du er statsborgar i eit land utanfor EU/EØS, og planlegg å drive verksemd i Noreg, må du undersøke regla for opphaldsløyve.
Namn på norskregistrert utenlandsk føretak (NUF)
Det er vanleg at NUF registrert i Noreg har same føretaksnamn som det utanlandske føretaket er registrert med i heimlandet. Dette er også eit krav når avdelinga i Noreg er næringsdrivande og registrert i Føretaksregisteret. I tillegg skal forkortinga NUF stå sist i namnet.
Registreringsplikt og registreringsrett
Alle utanlandske føretak som driv næringsverksemd i Noreg, har registreringsplikt i Einingsregisteret og Føretaksregisteret. Utanlandske føretak som ikkje driv verksemd i Noreg, har registreringsrett i Einingsregisteret dersom dei har behov for eit norsk organisasjonsnummer.
Mogleg å sende inn på e-post
Nye NUF som skal registrerast i Føretaksregisteret kan senda inn skjema og vedlegg for registrering per e-post ved å bruke kontaktskjema på firmapost@brreg.no.Ved innsending per e-post vil saka takast til behandling innan 10 vyrkedagar etter at den er motteken. Eventuell søknad om d-nummer må alltid sendast per post.
Kva kostar det?
Registrering berre i Einingsregisteret kostar 3 378 kroner i gebyr.
Registrering i Einingsregisteret og Føretaksregisteret kostar 3 925 kroner.
Registrering i Føretaksregisteret i ettertid kostar 3 198 kroner.
Når registrering er ferdig behandla får avdelinga (NUF-et) eit organisasjonsnummer.