Starte og registrere enkeltpersonføretak
Vurderer du å starte enkeltpersonføretak?
Veit du kva som skal til for å lykkast og kva det krev av deg? Oppstartsrettleiaren skal førebu deg på kva det inneber å ha eit enkeltpersonføretak. Rettleiaren gir informasjon om kva du bør tenkja på og korleis du bør gå fram.
For å starte eit enkeltpersonføretak må du:
- planleggje å drive næringsverksemd
- ha ei norsk forretningsadresse (det vil seie ei norsk fysisk adresse og oppgjeven med gate eller veg, husnummer, postnummer og stad. Postboksadresse blir ikkje godteken)
- ha fylt 18 år (Dersom du er over 15 år kan du registrere enkeltpersonføretak med løyve frå føresette/verje og Statsforvaltaren (Søknad om godkjenning frå statsforvaltaren) vel "Søknad om godkjenninga til statsforvaltaren til å gjere andre disposisjonar på vegner av person med verjemål" etter innlogging i skjemaet)
Registrere enkeltpersonføretak
Slik registrerer du eit enkeltpersonføretak dersom du har norsk fødselsnummer eller d-nummer(Dersom du har d-nummer er det ein føresetnad at du har vore til ID-kontroll hos Skatteetaten. Har du ikkje vore til ID-kontroll vil du få brev om at dette må gjerast før registreringa kan fullførast.):
- Registrer enkeltpersonføretaket ved å fylle ut skjemaet Samordna registermelding i Altinn.
- Dersom du har avtale med ein rekneskapsførar eller revisor, må hen stadfeste oppdraget ved å signere meldinga elektronisk.
- Send meldinga til signering. Du vil få ei signeringsmelding i innboksen din i Altinn og kan signera meldinga.
- Når føretaket er registrert får du melding om dette i din Innboks i Altinn. Om elektronisk signering
Alternativet til å registrere enkeltpersonføretaket i Altinn er å registrere enkeltpersonføretaket i enkelte bankar, gjennom det som heiter digital selskapsetablering.
- Registrer enkeltpersonføretaket ved å fylle ut og signere papirblankettane "Søknad om d-nummer til personar samtidig med registrering i Brønnøysundregistera" og "Forenkla registermelding – Blankett for enkeltpersonføretak":
- Send skjemaa samla til postadressa som står oppgjeven på skjemaet "Forenkla skjema for registrering av enkeltpersonføretak". Legg ved stadfesta kopi av gyldig legitimasjon.
- Når d-nummer er tildelt må du bestilla tid for ID-kontroll hos Skatteetaten.
- Når ID-kontroll er gjennomført vil Brønnøysundregistera behandla registreringa.
Namn på enkeltpersonføretak
I enkeltpersonføretak må etternamnet ditt vere ein del av føretaksnamnet. Du kan i tillegg velje eit marknadsføringsnamn som blir registrert som eige namn på undereininga. Les meir om val av namn (domenenamn, føretaksnamn og varemerke).
Kva kostar det å registrere eit enkeltpersonføretak?
Å registrere eit enkeltpersonføretak i Einingsregisteret kostar 2 683 kroner ved elektronisk registrering(ved registrering på papirskjema er gebyret 3 378 kroner).
Enkeltpersonføretak treng som hovudregel ikkje å registrera seg i Føretaksregisteret. Informasjon om kva enkeltpersonføretak som må registrerast i Føretaksregisteret finn du under lenka "Brønnøysundregistera om registreringsplikt i Føretaksregisteret for enkeltpersonføretak."
Å registrera enkeltpersonføretak både i Einingsregisteret og Føretaksregisteret kostar 3 379 kroner i gebyr ved elektronisk registrering(ved registrering på papirskjema er gebyret 3 925 kroner).
Registrering i Føretaksregisteret i ettertid kostar 2 651 kroner ved elektronisk registrering(ved registrering på papirskjema er gebyret 3 198 kroner).
Du får tildelt eit organisasjonsnummer når registreringa er behandla.
Drive enkeltpersonføretak
Du kan lese om drift av enkeltpersonføretak her.