Er du blitt bedd om å registrere eit føretak for å få jobb?
Arbeidsmiljøloven om tilsetjing
Hovudregelen i arbeidsmiljølova er at arbeidstakarar skal bli fast tilsette. Med fast tilsetting meiner ein at tilsettinga er løpande og tidsuavgrensa, at arbeidstakar er sikra føreseielegheit for arbeid i form av reelt stillingsomfang og at reglane om opphøyr av arbeidsforhold gjeld. Det skal komme fram i arbeidsavtala kor mykje arbeidstakaren skal arbeide (for eksempel ved å skrive stillingsprosent). På visse vilkår og i visse situasjonar er det likevel mogleg med mellombels tilsetting.
Rettleiing og hjelp
Arbeidstilsynet har avgrensa moglegheit til å gi pålegg på dette området og kan i utgangspunktet berre gi råd og rettleiing om lova sine reglar når det gjeld tilsettingar. Oppstår det konflikt, kan du søke juridisk bistand. Er du medlem i ei fagforeining kan du søke hjelp der.