Aksjonærregisteret
Aksjonærregisteroppgåva
Aksjonærregisteroppgåva skal innehalde opplysningar som har betydning for skattlegginga av aksjonærane. Ho dannar grunnlag for "Aksjeoppgåva" som vert send til aksjonærane for bruk i skattemeldinga.
Aksjonærregisteroppgåva kan du sende inn etter kvart som eventuelle endringar skjer, men ho må seinast sendast innan 31. januar i året etter inntektsåret. Det er den sist innsende oppgåva som vil vere den gjeldande. Oppgåva skal sendast til aksjonærregisteret sjølv om det ikkje har vore endringar i løpet av året.
Nystifta selskap skal levere aksjonærregisteroppgåva sjølv om selskapet ikkje er registrert i Føretaksregisteret innan årets slutt.
Selskap som er avvikla i løpet av året, skal også sende inn aksjonærregisteroppgåva.
Tvangsmulkt
Du kan bli ilagd døgnmulkt på 657 kroner per døgn om du leverer for seint, unnlet å rapportere eller om det openberre feil i dei opplysningane som blir rapporterte. Mulkta kan ikkje overstige 65 700 kroner.