Korleis slette eit enkeltpersonføretak?
Meld frå til Skatteetaten
Viss du på avviklingstidspunktet til dømes har eit varelager eller produksjonsutstyr, så må dette anten takast ut til eige bruk eller seljast. Denne transaksjonen skal det bereknast meirverdiavgift på. Rapporteringa blir gjord via den siste mva-meldingen (Siste mva- melding er den meldinga du sender inn for perioden der avviklinga skjer).
Har du driftsmiddel att i verksemda di når ho opphøyrer må desse verdivurderast/takserast og takast ut til eige bruk, eller seljast. I slike tilfelle må dette komme fram av næringsspesifikasjon i vedlegg til skattemeldinga.
Eventuelle inntekter i løpet av avviklingsåret melder du på skattemeldinga som du leverer året etter inntektsåret.
Ansvar for forpliktingar
Du og verksemda di er eitt, og eit krav mot enkeltpersonføretaket er eit krav overfor deg. Dette gjeld også etter at enkeltpersonføretaket er sletta. Ta deg tid til å gjennomføre ei ryddig avvikling, det er ein stor fordel for deg sjølv og økonomien din.
Krav til oppbevaring av dokumentasjon
Du må oppbevare all dokumentasjon på inntekter og utgifter i fem år. Dette gjeld også etter at enkeltpersonføretaket er sletta.
Hva kostar det?
Det er gratis å melde sletting.