Krav om opplæring av arbeidstakarar
Arbeidsgivar skal sørge for at alle arbeidstakarane får nødvendig opplæring, øving og instruksjon for å utføre arbeidet på ein sikker måte. Arbeidsmiljølova har generelle krav til opplæring, og spesifikke krav til opplæring for enkelte typar arbeidsoppgåver og bruk av arbeidsutstyr.
Formålet med opplæring
Formålet med opplæring er å redusere risiko og belastningar i arbeidet, og å fremme eit helsefremmande og meiningsfylt arbeidsmiljø. Opplæringa skal bidra til å forhindre arbeidsulykker, skadar og sjukdom og fremme produktivitet.
Tilpassa opplæring
Arbeidstakarane skal bli gjort kjente med aktuelle forskrifter, interne prosedyrar og rutinar, sikkerheitsreglar, beredskapsplanar og få opplæring i bruk av personleg verneutstyr. Opplæringa skal vere tilpassa den enkelte sitt behov, arbeidsoppgåver og arbeidet sin art. Arbeidsgivar må vurdere behovet for opplæring konkret i kvart enkelt tilfelle, basert på arbeidstakaren si formelle utdanning, erfaring og personlege føresetnader. Opplæringa skal bli gitt på eit språk arbeidstakarane forstår, og arbeidsgivar må forsikre seg om at arbeidstakarane har fått nødvendig kunnskap og ferdigheiter gjennom opplæringa. Det må bli tatt særleg omsyn til at unge arbeidstakarar manglar arbeidserfaring og ikkje alltid er oppmerksame på eksisterande og potensiell risiko.
Arbeidstilsynet om generelle krav til opplæring
Ved bruk av maskiner og utstyr som kan føre til ulykker eller skader, skal arbeidsgivar sørge for at arbeidstakaren har dokumentert kunnskap om korrekt bruk av utstyret. Dette inneber at opplæringa må vere skriftleg dokumentert, og arbeidstakaren skal få eit kompetansebevis etter gjennomført opplæring.
Ein del arbeidsoppgåver og arbeidsområde har særskilte krav til opplæring. Her skal arbeidsgivar sørge for opplæring i samsvar med krava i forskrift om utføring av arbeid.
Følgande arbeidsoppgåver har særskilte opplæringskrav:
- arbeid med kjemikaliar
- arbeid med asbest
- varmt arbeid
- arbeid med risiko for å bli utsett for biologiske faktorar
- arbeid ved avløpsanlegg
- arbeid med arbeidsutstyr som krev særskilt varsemd
- vedlikehald av arbeidsutstyr
- arbeid med risiko for å bli utsett for helseskadeleg støy eller mekaniske vibrasjonar
- arbeid med risiko for å bli utsett for kunstig optisk stråling
- arbeid med risiko for å bli utsett for elektromagnetisk felt
- montering, demontering, endring og kontroll av stillas
- sikkerheitsskilting og signalgiving
- ergonomisk belastande arbeid
- arbeid som kan medføre risiko for å bli utsett for vald og trussel om vald
- arbeid med driftskontroll og sikkerheitsovervaking (kontrollrom)
- arbeid under vatn eller auka omgivande trykk
Arbeidstilsynet om krav til dokumentert, sertifisert og utstyrsspesifikk opplæring