Godkjenning av private grunnskular utan krav på offentleg støtte

Det krevst godkjenning for å drive privat grunnskule. Nedanfor finn du informasjon om kva for krav som vert stilte og korleis ein søkjer godkjenning.

Om denne tenesta

Søknaden blir sendt per brev til Utdanningsdirektoratet.

Følgjande dokumentasjon skal vere vedlagt søknaden:

Fullstendig læreplanverk som skulen skal følgje.
Oversikt over bestemmingar i opplæringslova det blir søkt unntak frå.
Stadfesting på at resten av krava i opplæringslova vil bli følgt.

Kriterium/vilkår:

Det blir gjeve godkjenning til alle søkarar som oppfyller krava i opplæringslova § 2-12 andre og tredje ledd.

Saksbehandlingstid:

Utdanningsdirektoratet skal førebu og avgjere saka utan ugrunna opphald.
Søkjar må rekne med forlenga saksbehandlingstid dersom søknaden som vert send inn ikkje er komplett. Behandlingstida for søknaden kan vere inntil 4 månader frå det tidspunktet søknaden er komplett, dvs. at alle dokument som krevst, er mottekne i Utdanningsdirektoratet, jf. tenestelova § 11.

Gebyr for søknadsbehandling:

Utdanningsdirektoratet krev ikkje gebyr for å handsame søknaden.

Klagerett:

Søkjar kan klage på vedtaket. Dette gjerast etter forvaltningslova § 28. Kunnskapsdepartementet handsamar klagen. Klagefristen er 3 veker etter at vedtaket er motteke.

Kontaktinformasjon

Utdanningsdirektoratet
Postboks 9359 Grønland
0135 Oslo

Epost:post@udir.no 
Telefon: 23 30 12 00

Åpne kontaktskjema