Om denne tenesta

Søknad skal sendast til Utanriksdepartementet.

Gjeld alle firma/enkeltpersonar som fører ut lisenspliktige varer (i samsvar med Utanriksdepartementets varelister).

Formålet er å sikre at eksporten av forsvarsmateriell frå Noreg skjer i tråd med norsk tryggleiks- og forsvarspolitikk, og sikre at eksporten av fleirbruksvarer ikkje bidreg til spreiing av masseøydeleggingsvåpen (kjernefysiske, kjemiske og biologiske våpen) og leveringsmiddel for slike våpen.

LOV-1987-12-18 nr 93 Lov om kontroll med eksport av strategiske varer, tjenester og teknologi m.v. (eksportkontrollova)

FOR-2013-06-19 nr 718 Forskrift om eksport av forsvarsmateriell, flerbruksvarer, teknologi og tjenester 

Eksport av visse varer, nærmare angitt teknologi, medrekna immaterielle ytingar, tekniske datapakkar eller produksjonsrettar for varer eller visse tenester krev lisens frå Utanriksdepartementet. 

Det er utarbeidd lister som spesifiserer forsvarsmateriell og sivile varer, teknologi og tenester med potensiell militær bruk. Varelistene er ein del av forskriftsverket og vert oppdaterte og ajourførte jamleg. I tillegg til lisensplikta som følgjer av listene, angir eksportkontrollforskrifta også lisensplikt knytt til formidling av varer og teknologi mellom to tredjeland, og for alle varer, teknologi eller tenester under visse omstende. 

Vidare er det også lisensplikt for materiell som har vore særleg konstruert eller modifisert for militært formål, uavhengig av tilstanden på materiellet på eksporttidspunktet.

Åpne kontaktskjema