Dette skjemaet er for føretak som skal søkje om løyve til samla deklarering av lågverdiforsendingar frå utlandet til privatpersonar.

Start teneste

Om denne tenesta

  Føretak som ønskjer ei letting i deklareringsprosessen, skal bruke dette skjemaet. Dette er særleg relevant for dei som handterer mange lågverdiforsendingar (inntil 3000 kr, ekskludert frakt og forsikring) og ønskjer å samle deklareringa for fleire mottakarar i éi deklarasjon. Søknaden skal sendast etter at føretaket har forsikra seg om at vilkåra er oppfylte.

 

Uavhengig transportføretak – Føretaket må vere eit sjølvstendig eller uavhengig transportføretak som står for innførsel og ekspedisjon av sendingar til private mottakarar.

Tollagerhaldar – Føretaket må ha løyve som tollagerhaldar A.

TVINN-deklarant – Føretaket må ha brukaravtale for elektronisk overføring av deklarasjonar i TVINN.

Vesentleg omfang – Føretaket må handtere eit vesentleg tal sendingar. Ordninga er tilpassa større transportføretak der mengda lågverdiforsendingar er så høgt at vanleg deklarering ikkje let seg gjennomføre innan dei fastsette tidsfristane. Talet på årlege sendingar innanfor verdigrensene må vere minst 10.000. I spesielle tilfelle kan Tolletaten godkjenne lågare volum etter ei særskild vurdering, dersom sterke grunnar ligg til grunn.

Obligatoriske vedlegg:

  • Firmaattest
  • Oversikt over styremedlemmar og leiing
  • Beskriving av rutinar for internkontroll (sjå hjelpetekst)
  • Rutinar for tolldeklarering, samt mottak og levering av varer
  • Beskriving av IT-systema som blir nytta (sjå hjelpetekst)
  • Dersom «ja» er kryssa for fullmektig – legg ved dokumentasjon på oppgåver og rutinar.

Ved bruk av samla deklarering kan varer ikkje vere underlagde forbod, restriksjonar eller særavgifter.

Meir informasjon om vilkår for å kunne søkje om løyve til samla deklarering, samt kva krav som gjeld, finn du her og her.

Treng du hjelp?

Kontaktsenteret hos Tolletaten kan svare på spørsmål som gjelder utfylling av skjema.

Kontakt oss her.
Telefon: 22 86 03 12

Åpne kontaktskjema