Viss du er busett utanfor Noreg, eller du har mellombels opphald i Noreg, kan du la fritidsfartøyet ditt vere att i seks veker. Dersom du ønskjer å etterlate fartøyet i meir enn seks veker, må du søkje Tolletaten om løyve til dette før du forlèt landet.
Start teneste
Eit fartøy kan brukast og lagrast i Noreg i til saman to år samanhengande frå tidspunktet for innførsla. I første omgang søkjer du om å få etterlate fartøyet i eitt år, rekna frå tidspunktet det blei innført.
Viss du treng å etterlate fartøyet endå lenger, kan du søkje Tolletaten om å få lagre fartøyet vidare fram til grensa på to år. Ein slik søknad må vere send til Tolletaten før den opphavlege fristen går ut.
Andre får ikkje disponere det etterlatne fartøyet i denne perioden. Løyvet til mellombels lagring gjeld fartøy inntil 24 meter.
Viss du er busett utanfor Noreg, eller du har mellombels opphald i Noreg og ønskjer å etterlate fritidsfartøyet ditt i Noreg i opptil to år frå tidspunktet for innførsla.
Godkjende filformat for vedlegg hos Tolletaten er .jpeg, .png, .docx, .jpg, .pdf, .pptx, og .xlsx
Prosessen for å sende inn dette skjemaet består av tre trinn:
1. Utfylling
Utfyllinga er femdelt. Det er viktig at du gir så detaljert informasjon som råd når du fyller ut skjemaet.
· I del 1 legg du inn informasjon om søkjar.
· I del 2 legg du inn opplysningar om fartøyet.
· I del 3 gir du informasjon om lagring og periode for lagring.
· I del 4 legg du inn annan relevant informasjon for søknaden.
· I del 5 lastar du opp vedlegg til søknaden.
· I del 6 fyller du ut ei erklæring.
2. Signering og innsending
Signering og innsending skjer samstundes når du klikkar på knappen «Signer og send inn». Skjemaet blir då lagra i Arkivert under «Min meldingsboks» og sendt til etaten.
3. Kvittering
Du vil få ei kvittering frå Altinn med eit referansenummer. Kvitteringa finn du i din Altinn innboks under Arkiv. Dette referansenummeret bruker du om du skal ettersende ytterlegare informasjon/dokumentasjon. For å sende inn ny informasjon i di sak, bruker du skjemaet Pågåande sak hos Tolletaten.
Engelsk:
The submission of this form requires a three-step process,
1. Filling in
2. Signing and submission
3. Receipt
1. Filling in
Filling in consists of 5 parts. It is important to provide as much detailed information as possible when filling in the form.
· In part 1, information about the applicant must be given.
· In part 2, information about the vessel must be given.
· In part 3, information on storage and the period for storage must be given.
· In part 4, other relevant information for the application must be provided.
· In part 5, attachments to the application must be uploaded.
· In part 6, the declaration must be completed.
2. Signing and submission
The form will be signed and submitted by clicking the “sign and submit” button. The form will then be sent to the agency and saved in Archive under "My mailbox".
3. Receipt.
You will receive a receipt from Altinn with a reference number. You can find the receipt in your Altinn inbox under Archive. You use this reference number if you need to send further information/documentation. To submit new information in your case, use the form Existing case with Norwegian Customs.
Kontaktsenteret hos Tolletaten kan svare på spørsmål som gjeld utfylling av skjema.
Kontakt oss her.
Telefon: 22 86 03 12