I samband med flytting til Noreg, kan du på visse vilkår ha rett til å innføre flyttegodset ditt til Noreg utan å betale tollavgift og andre avgifter
Start tenesteDu kan innføre flyttegods (innbu og andre gjenstandar til personleg bruk) utan å betale tollavgift og andre avgifter, under føresetnad av at følgjande kriterium er innfridde:
Du kan lese meir om regelverket for flyttegods her.
VIKTIG INFORMASJON
Dei aller fleste som flyttar til Noreg, treng ikkje fylle ut dette søknadsskjemaet
Det er vanlegvis tilstrekkeleg at du tek kontakt på raud sone og leverer ei erklæring om innførsel av flyttegods til Tolletaten når du kjem til grensa til Noreg og skal tollbehandle flyttegods. Du finn erklæringa om innførsel av flyttegods her.
Bruk dette søknadsskjemaet i følgjande situasjonar
I enkelte tilfelle bør/skal det sendast inn ein søknad til Tolletaten om å få godkjent innførsla av vara/varene som avgiftsfritt flyttegods:
Også i enkelte andre tilfelle kan det vere behov for å få avklart, før vara kjem til norskegrensa, om vara kan innførast avgiftsfritt som flyttegods. Dette kan til dømes vere aktuelt i tilfelle der innførsla gjeld spesielle varer som er underlagde restriksjonar eller har særleg høg kommersiell verdi. Dersom du er i tvil om du treng å fylle ut dette søknadsskjemaet, kan du kontakte oss for rettleiing. Du finn kontaktinformasjonen vår nedst på denne sida.
Vi anbefaler at du sender inn søknaden i god tid før det aktuelle flyttegodset kjem til grensa og skal deklarerast.
Skjemaet skal berre brukast av privatpersonar som søkjer om avgiftsfri innførsel av flyttegods til Noreg på eigne vegner. Alternativt kan skjemaet fyllast ut og sendast inn av ein speditør, eller av ein annan person som representerer vedkomande som søkjer om avgiftsfritaket. Personar som søkjer på vegner av andre, må leggje ved fullmakt frå vedkomande som søkjer om avgiftsfritaket. Advokatar treng ikkje leggje ved fullmakt, men må oppgi namnet på advokatfirmaet sitt.
Kva vedlegg du må/bør laste opp og leggje ved søknaden vil avhenge av typen vare/gods du søkjer om å få godkjend som flyttegods. Når du fyller ut søknadsskjemaet, får du nærmare informasjon om vedlegga som krevst.
Godkjende filformat for vedlegg hos Tolletaten er .jpeg, .png, .docx, .jpg, .pdf, .pptx, og .xlsx
Prosessen for å sende inn dette skjemaet består av tre trinn:
1. Utfylling
2. Signering og innsending
3. Kvittering
1. Utfylling
Utfyllinga er sjudelt. Det er viktig at du gir så detaljert informasjon som råd når du fyller ut skjemaet.
• I del 1 legg du inn informasjon om søkjar / kontaktinformasjon.
• I del 2 gir du informasjon om varene som blir søkt innførte avgiftsfritt til Noreg som flyttegods. I denne delen opplyser du også om eventuelle andre varer som blir frakta til Noreg samstundes med flyttegodset.
• I del 3 gir du informasjon om flytteprosessen og kor varene er per i dag.
• I del 4 legg du inn informasjon om mengde flyttegods og sendemåte.
• I del 5 lastar du opp vedlegg til søknaden.
• I del 6 kan du leggje inn eventuelle tilleggsopplysningar til søknaden.
• I del 7 fyller du ut ei erklæring.
2. Signering og innsending
Signering og innsending skjer samstundes når du klikkar på knappen «Send inn».
3. Kvittering
Du vil få ei kvittering frå Altinn med eit referansenummer. Kvitteringa finn du i din Altinn innboks under Arkiv. Dette referansenummeret bruker du om du skal ettersende ytterlegare informasjon/dokumentasjon. For å sende inn ny informasjon i di sak, bruker du skjemaet Pågåande sak hos Tolletaten.
Kontaktsenteret hos Tolletaten kan svare på spørsmål som gjeld utfylling av skjema.
Kontakt oss her.
Telefon: 22 86 03 12