Har de mistanke om varer som krenkjer verksemda sine immaterielle rettar (IPR)? Her kan de søkje om bistand til å stoppe varene.

 

Start teneste

Om denne tenesta

Skjemaet skal brukast til å søkje om bistand frå Tolletaten for å avdekke brot på immaterielle rettar.

  • Ny søknad? Dersom du sender inn søknad for fyrste gong, brukar du «ny søknad».
  • Endre opplysningar? Du har moglegheit til å endre og leggje til opplysningar, samt søkje om å utvide lista over immaterielle rettar som er omfatta av vedtaket.
  • Forlenge vedtak? Søknad om forlenging av eksisterande vedtak må sendast innan 30 yrkedagar før utløp av inneverande bistandsperiode. De har også moglegheit til å opplyse om eventuelle endringar eller supplere med nye opplysningar.
  • Mottatt varsel om tilbakehald? Dersom de mottar eit varsel om tilbakehald frå Tolletaten, kan de fylle ut ei forenkla søknad om bistand (søknad etter mottatt varsel). Søknaden må de sende innan fire yrkedagar frå det tidspunktet varselet blei gitt.

Skjemaet skal brukast av rettshavar for dei immaterielle rettane eller av deira representant.

Vi anbefaler at du loggar inn i Altinn som representant for ei verksemd, då blir skjemaet lagra i firmaet sitt arkiv. Dersom du brukar din personlege brukar vil ingen andre enn deg kunne sjå skjemaet i arkivet.

Har du ikkje norsk fødselsnummer eller D-nummer, kan du opprette ein eigen brukar.

Vareførselsloven § 10-1 (2) bokstav a til g, listar opp kva informasjon og dokumentasjon som skal inngå i søknaden.

  • Ei liste over og dokumentasjon for kva immaterielle rettar søknaden gjeld
  • Opplysningar som gjer det mogleg å identifisere autentiske varer
  • I den utstrekning det er kjent for søkjaren, opplysningar som gjer det mogleg å identifisere varer som utgjer inngrep
  • Ei ansvarserklæring der søkjaren tek på seg ansvaret for kostnader tollmyndigheitene blir påført i samband med tilbakehald.

Dersom søknaden ikkje oppfyller krava eller er mangelfull, vil du bli varsla om dette. Du vil få moglegheit til å uttale deg og/eller rette opp i feil og manglar. Dersom manglane ikkje blir retta, vil søknaden bli avslått.

Ein ordinær søknad om bistand blir innvilga for eitt år av gangen, deretter kan det søkjast om forlenging av det eksisterande vedtaket.

Vedtak etter søknad etter mottatt varsel vil berre vere gjeldande for den konkrete saka varselet gjeld.

Meir informasjon om tilbakehald av falske varer finn du her.

Treng du hjelp?

Kontaktsenteret hos Tolletaten kan svare på spørsmål som gjeld utfylling av skjema.

Kontakt oss her.
Telefon: 22 86 03 12

Åpne kontaktskjema