Her kan du søkje om fritak for tollavgift og meirverdiavgift knytt til innførsel av arva gjenstandar frå personar busette i utlandet.

Start teneste

Om denne tenesta

Du kan innføre arvegods utan å betale tollavgift og andre avgifter dersom

  • gjenstanden/vara har vore brukt og eigd av den som har gitt deg arven (arvelatar)
  • gjenstanden/vara har vore brukt av arvelatar til personlege formål
  • arvelataren var busett i utlandet då han/ho døydde
  • du er busett i Noreg når du får arven


For avgiftsfri innførsel av motorvogn blir det i hovudregelen stilt som tilleggsvilkår at motorvogna har vore registrert på arvelataren i utlandet.

Følgjande varer kan ikkje innførast avgiftsfritt som arvegods:

  • Varer som arvelatar har nytta i næringsverksemd.
  • Alkoholhaldige drikkevarer, tobakks- og nikotinvarer.


Vi gjer merksam på at varer som er delte ut frå eit uskifta bu, eller som er gitt som forskot på arv, ikkje blir rekna som arv i denne samanhengen.

Du finn meir informasjon om regelverket for arvegods her.

Vi anbefaler at du sender inn søknaden i god tid før det aktuelle arvegodset kjem til grensa og skal deklarerast.

Skjemaet skal brukast av privatpersonar som søkjer om avgiftsfri innførsel av arvegods til Noreg på eigne vegner.
Alternativt kan skjemaet fyllast ut og sendast inn av ein speditør, eller av ein annan person som representerer vedkomande som søkjer om avgiftsfritak.
Personar som sender inn søknad på vegner av andre, må leggje ved ei fullmakt frå vedkomande som søkjer om avgiftsfritak.
Advokatar treng ikkje leggje ved fullmakt, men må oppgi namnet på advokatfirmaet dei representerer. 

Følgjande dokumentasjon må leggjast ved:

  • Dokumentasjon på at du er arving etter avdøde.
  • Dokumentasjon på at arvelatar var busett i utlandet då han/ho døydde.
  • Ei liste over gjenstandane som skal innførast som arvegods.

I tillegg bør det leggjast fram dokumentasjon på at gjenstandane/varene som skal innførast til Noreg, har høyrt til avdøde.

Dersom du skal innføre ei motorvogn, må du sende inn bilete av vognkort som viser at køyretøyet har vore registrert på avdøde.

Når du fyller ut søknadsskjemaet, får du nærmare informasjon om kva slags dokumentasjon som må/bør lastast opp og leggjast ved søknaden.

Godkjende filformat for vedlegg hos Tolletaten er .pdf, .docx, .txt, .jpg, .jpeg og .tif.

Utfyllinga er sjudelt. Det er viktig at du gir så detaljert informasjon som råd når du fyller ut skjemaet. 

  • I del 1 og 2 fyller du inn kontaktinformasjon og opplysningar om søkjar.
  • I del 3 beskriv du arvegodset.
  • I del 4 legg du inn informasjon om arvelataren og fordelinga av arven.
  • I del 5 gir du informasjon om korleis arvegodset skal innførast.
  • I del 6 laste du opp aktuelle vedlegg.
  • I del 7 får du ei oppsummering av søknaden og fyller ut ei erklæring.

 

Signering og innsending

Signering og innsending skjer samstundes når du klikkar på knappen «Signer og send inn».

 Kvittering

Du vil få ei kvittering frå Altinn med eit referansenummer. Kvitteringa finn du i din Altinn innboks under Arkiv. Dette referansenummeret bruker du om du skal ettersende ytterlegare informasjon/dokumentasjon. For å sende inn ny informasjon i di sak, bruker du skjemaet Pågåande sak hos Tolletaten.

Treng du hjelp?

Kontaktsenteret hos Tolletaten kan svare på spørsmål som gjeld utfylling av skjema.

Kontakt oss her.
Telefon: 22 86 03 12

Åpne kontaktskjema