Hopp til hovudinnhaldet
  1. Start
  2. Skjemaoversikt
  3. Tolletaten
  4. Refusjon – gjenutførsel/destruksjon

Refusjon – gjenutførsel/destruksjon

Skjemaet blir brukt i samband med søknad om refusjon av tollavgift på ein eller fleire deklarasjonar.

Eitt skjema kan omfatta fleire deklarasjonar dersom det omhandlar same verksemd.

Når skal skjemaet brukast?

Dette skjemaet blir nytta til søknad om refusjon av tollavgift for varer som er gjenutførte eller destruerte etter innførsel. Me gjer merksam på at søknad også kan sendast som ei elektronisk utrekning.

Skjema gjeld ikkje søknad om refusjon av meirverdiavgift eller særavgift. Ved ønske om refusjon av desse tilfella må førespurnad rettast til Skatteetaten som rette forvaltningsstyresmakt.

Kven skal bruke skjemaet?

Alle eksportørar, importørar og representantane deira (transportørar/speditørar osb.) kan nytta dette skjemaet.

Privatpersonar kan søkja via skjemaet Tilbakebetaling for private.

For å fylla ut dette skjemaettreng du fullmakt til enten enkelttenesta eller tilgangpakken tenesta ligg i. Du kan sjå kva fullmakter du har for ei verksemd på sida «Tilgangsstyring». Om du ikkje har nokon av desse fullmaktene, må du få nokon som har tilgang til å gi dei til deg. Les meir på hjelpesidene.

Kva skal eg leggje ved?

For søknad om refusjon må det leggjast ved følgjande:

  • Innførselsdeklarasjon
  • Utførselsdeklarasjon (eksp og L.nr) med attest i rubr. B frå befrakter eller Tolletaten
  • Faktura/proformafaktura brukt ved innførsel og utførsel av varene
  • Ev tilgodeseelse frå leverandør (kreditnotat, erstatningsleveranse) eller dok som viser at varene er destruerte i påsyn av Tolletaten
  • Fortollingsforlag
Meir om skjemaet

Personvern i Tolletaten.

Les om dette her.

Kontaktsenteret hos Tolletaten kan svare på spørsmål som gjelder utfylling av skjema.

Kontakt oss her.
Telefon: 22 86 03 12