Skjemaet blir brukt ved innsending av ny informasjon til ei eksisterande sak hos Tolletaten. 

Start teneste

Om denne tenesta

Dette skjemaet skal brukast dersom: 

  • du har ny informasjon til ei sak som du allereie har under behandling hos Tolletaten 
  • du har ny informasjon som saksbehandlar har etterlyst. 

NB: Skjemaet skal ikkje brukast ved første førespurnad til Tolletaten 

Når ei sak har vorte oppretta hos Tolletaten kan alle nytte skjemaet uansett om dei er importørar, eksportørar, representantane deira (transportørar/speditørar osb.) eller privatpersonar. 

Vi tilrår at du loggar inn i Altinn med rolla «Rekneskapsmedarbeidar». Då lagrar du skjemaet i arkivet til firmaet. Du kan sjekke kva roller du har på profilen din. Viss du bruker den personlege brukaren din vil ingen andre enn deg kunne sjå skjemaet i arkivet.

Dersom du ikkje har norsk personnummer eller D-nummer, kan du opprette ein eigen brukar.

All relevant informasjon til ei sak som du ikkje får skrive direkte i skjemaet og ny informasjon til saka di etter at ho har vorte oppretta hos Tolletaten.  

Godkjende filformat for vedlegg er .jpeg, .png, .docx, .jpg, .pdf, .pptx, og .xlsx

For å kunne sende inn skjemaet, treng du anten eit altinn referansenummer eller eit saksnummer frå Tolletaten. 

Ditt Altinn referansenummer finn du i kvitteringa på den opphevlege søknaden du sende inn. Kvitteringa finn du i din Altinn innboks under arkiv. Viss du har fått eit saksnummer frå tolletaten er det viktig at du bruker dette. 

For meir informasjon ser «Meir om skjemaet» under. 

Dette skjemaet skal berre brukast om du har ei pågåande sak hos Tolletaten. For å kunne sende inn skjemaet, treng du anten eit altinn referansenummer eller eit saksnummer frå Tolletaten.  

Ditt Altinn referansenummer finn du i kvitteringa på den opphavlege søknaden du sende inn. Kvitteringa finn du i din Altinn innboks under arkiv. 

NB: Viss referansenummeret ditt startar med AR kan det ikkje brukast her og det er derfor viktig at du bruker saksnummeret du har fått tilsendt frå Tolletaten. 

Det er viktig at du bruker rett referansenummer/saksnummer. Viss du ikkje bruker rett nummer vil ikkje Tolletaten kunne finne igjen di sak og saka vil ikkje bli behandla. 

Treng du hjelp?

Kontaktsenteret hos Tolletaten kan svare på spørsmål som gjeld utfylling av skjema. 

Kontakt oss her
Telefon: 22 86 03 12 

Åpne kontaktskjema