Skjemaet blir brukt i samband med førespurnader om prosedyren mellombels innførsel, inkludert Ata-carnet.

Start teneste

Om denne tenesta

Skjemaet skal brukast ved alle førespurnader om prosedyren mellombels innførsel og ATA-carnet. Dersom varene blir gjenutførte på ulike tidspunkt, skal det søkjast om avskriving når alle varene er gjenutførte.

Alle deklarasjonspliktige og tollrepresentantane deira kan nytte dette skjemaet.  

Privatpersonar som søkjer om tilbakebetaling av depositum.

Innehavarar av Ata-carnet.

Vi tilrår at du loggar inn i Altinn som representant for ei verksemd, då blir skjemaet lagra i arkivet til firmaet. Om du bruker den personlege brukaren din vil ingen andre enn deg kunne sjå skjemaet i arkivet.

Har du ikkje norsk fødselsnummer eller D-nummer, kan du opprette ein eigen bruker.

  • Innførselsdeklarasjon
  • Utførselsdeklarasjon som er attestert i rubrikk B frå godkjend transportør eller Tolletaten
  • Handelsfaktura brukt ved innførsel og utførsel av varene
  • Ved endring av opplysningar på mellombels innførselsdeklarasjon må utkast til ny deklarasjon vedleggjast
  • Ved førespurnader som gjeld ATA-carnet må det vedleggjast bilete

(Framside, vareliste og stempla counterfoil)

  • Depositum – Innførselsdeklarasjon og utførselsdeklarasjon som er attestert i rubrikk B frå godkjend transportør eller Tolletaten
  • Godkjende filformat for vedlegg er .jpeg, .png, .docx, .jpg, .pdf, .pptx, og .xlsx

Meir informasjon om mellombels innførsel/Ata-carnet finn du her

Kort kurs i avskriving og oppgjer av mellombels innførsel (e-læring)

Treng du hjelp?

Kontaktsenteret hos Tolletaten kan svare på spørsmål som gjeld utfylling av skjema.

Kontakt oss her.
Telefon: 22 86 03 12

Åpne kontaktskjema