Ein rettshjelpar er ein jurist registrert hos Advokattilsynet, som har høve til å utøve rettshjelpverksemd i Noreg, sjå domstollova § 218 andre ledd nr. 1, jf. første ledd. Verksemda må vere registrert hos Advokattilsynet, sjå § 219. Ein rettshjelpar kan ikkje yte rettshjelp under rettargang med mindre vedkommande har rett til å vere prosessfullmektig eller forsvarar i medhald av lov eller etter særskild løyve frå retten i den einskilde saka
Søknad med vedlegg blir sendt til Tilsynsrådet for advokatverksemd.
Følgjande dokumentasjon skal vere vedlagt meldinga:
LOV 1915-08-13 nr 05: Lov om domstolene (domstolloven) § 218 annet ledd og § 219 første ledd fjerde punktum.
Søknad om løyve til å utøve rettshjelpsverksemd for personar med juridisk embetseksamen, jf. domstollova § 218 andre ledd nr. 1.
Når løyve til å utøve rettshjelpsverksemd er motteke av Tilsynsrådet, vil søkjar bli skrive til med opplysningar om kva som må vere ordna før verksemda kan starte. Giro for betaling av bidrag til Tilsynsrådet vil samtidig bli utsendt.
Ein blir først registrert som rettshjelpar når lovpålagt sikkerheit er stilt, bidrag betalt og viljeserklæring frå revisor er motteke av Tilsynsrådet.
Kriterium/vilkår:
For å søkje om løyve til å utøve rettshjelpverksemd vert det krevd juridisk embetseksamen eller mastergrad i rettsvitskap.
For å utøve rettshjelpsverksemd i Noreg må ein ha eller vere i ei verksemd som er etablert i Noreg.
Saksbehandlingsfristar:
Tilsynsrådet for advokatverksemd skal stadfeste mottaket av meldinga di innan ein månad etter at ho er motteken, og informere om eventuelle manglande dokument eller manglar. Tilsynsrådet for advokatverksemd skal ha ferdigbehandla meldinga innan tre månader etter å ha motteke nødvendige opplysningar og dokumentasjon.
Gebyr:
Ingen gebyr for søknad eller saksbehandling.
Bidrag til Tilsynsrådet for rettshjelparar: Storleiken på bidraget for rettshjelparar var kr 2.800 i 2023.
Beløpet må betalast før verksemda startar.
Dersom ein melder oppstart etter 30. juni, betalast berre halvt bidrag.
Klage på vedtak:
Når Tilsynsrådet for advokatverksemd har fatta eit vedtak, har du moglegheit til å klage på dette i samsvar med domstollova § 225 fjerde ledd. For klagebehandling gjeld reglane i forvaltningslova kapittel VI, sjå domstollova § 225 åttande ledd.
Advokattilsynet
Postboks 720 Sentrum,
0106 Oslo
E-post: post@tilsynet.no
Telefon: 22 00 75 00
Besøksadresse: Rådhusgaten 23, 3. etasje