Løyve til å utøve rettshjelpsverksemd (advokatløyve og andre løyver)

Tenesta vert nytta av dei som skal søkje om advokatløyve, autorisasjon som advokatfullmektig eller dei som skal søkje løyve til å arbeide som rettshjelpar.

Finn skjemaet på tilsynet.no

Om denne tenesta

Søknad med vedlegg blir sendt  til Tilsynsrådet for advokatverksemd.

Følgjande dokumentasjon skal leggjast ved søknaden:

Søknad om advokatløyve:

  • Vitnemål, master i rettsvitskap eller juridisk embetseksamen – Sendast som lenke via Vitnemålsportalen med kode til post@tilsynet.no. Eventuelt må vitnemål sendast per post og vere stadfesta med «rett kopi» av praktiserande advokat, domstol eller domstolliknande organ, med stad, dato og signatur (fullt namn). Dersom du tidlegare har vore registrert i Tilsynsrådet sitt register, er det ikkje naudsynt å sende inn vitnemålet på nytt.
  • Ordinær politiattest – Dersom attesten er motteken i Digipost, skal han vidaresendast via Digipost til Tilsynsrådet for advokatverksemd. Er han motteken i e-Boks eller Altinn, skal han sendast gjennom e-Boks eller Altinn til post@tilsynet.no. Dersom attesten er motteken i posten, må han oversendast Tilsynsrådet i original. Politiattesten skal ikkje vere eldre enn tre månader. Politiattest kan ettersendast. Informasjon om korleis du skal gå fram for å få politiattest finn du på politiet sine nettstader.
  • Attestar frå arbeidsgjevarar for dei arbeidsforholda som vert oppgitte, jf. Justisdepartementet sitt rundskriv G-25/97 pkt. 4.4. Attesten skal opplyse om stillingsprosenten, arbeidet sin karakter og varigheit, samt om det har vore eller ikkje har vore fråvær utover ein månad frå arbeidet, til dømes permisjonar eller sjukmeldingar, jf. Justisdepartementet sitt rundskriv G-25/97 pkt. 4.1.1.
  • Vitnemål fra advokatkurset
  • Prosedyredokumentasjon, jf. Justisdepartementet sitt rundskriv G-25/97 punkt 4.2. Kopiar av dommar og rettsbøker skal sendast inn i sin heilskap. Dersom ei sak har gått over til forlikssamtalar, og det ikkje går fram av rettsboka når dette skjedde, må fullmektigen hente inn ei særskild stadfesting frå retten der tidspunktet er opplyst. Sensitivt innhald i dommar og rettsbøker kan vurderast sladda før innsending. Saksnummer må alltid framkomme.

 

Søknad om autorisasjon av advokatfullmektig:

  • Vitnemål, master i rettsvitskap eller juridisk embetseksamen – Sendast som lenke via Vitnemålsportalen med kode til post@tilsynet.no. Eventuelt må vitnemål sendast per post og vere stadfesta med «rett kopi» av praktiserande advokat, domstol eller domstolliknande organ, med stad, dato og signatur (fullt namn). Dersom du tidlegare har vore registrert i Tilsynsrådet sitt register, er det ikkje naudsynt å sende inn vitnemålet på nytt.

  • Ordinær politiattest – Dersom attesten er motteken i Digipost, skal han vidaresendast via Digipost til Tilsynsrådet for advokatverksemd. Er han motteken i e-Boks eller Altinn, skal han sendast gjennom e-Boks eller Altinn til post@tilsynet.no. Dersom attesten er motteken i posten, må han oversendast Tilsynsrådet i original. Politiattesten skal ikkje vere eldre enn tre månader. Politiattest kan ettersendast. Informasjon om korleis du skal gå fram for å få politiattest finn du på politiet sine nettstader.

Søknad om løyve til å utøve rettshjelp for personar som har tilfredsstillande utdanning innan spesielle rettsområde, jf. domstollova § 218 anna ledd nr. 3

Vitnemål, master i rettsvitskap eller juridisk embetseksamen – Sendast som lenke via Vitnemålsportalen med kode til post@tilsynet.no. Eventuelt må vitnemål sendast per post og vere stadfesta med «rett kopi» av praktiserande advokat, domstol eller domstolliknande organ, med stad, dato og signatur (fullt namn). Dersom du tidlegare har vore registrert i Tilsynsrådet sitt register, er det ikkje naudsynt å sende inn vitnemålet på nytt.

Ordinær politiattest – Dersom attesten er motteken i Digipost, skal han vidaresendast via Digipost til Tilsynsrådet for advokatverksemd. Er han motteken i e-Boks eller Altinn, skal han sendast gjennom e-Boks eller Altinn til post@tilsynet.no. Dersom attesten er motteken i posten, må han oversendast Tilsynsrådet i original. Politiattesten skal ikkje vere eldre enn tre månader. Politiattest kan ettersendast. Informasjon om korleis du skal gå fram for å få politiattest finn du på politiet sine nettstader.

I tillegg til å gi bevilling/løyve/autorisasjonar til norske statsborgarar blir det i tråd med EØS-avtala og anna regelverk gjeve bevilling/løyver/autorisasjonar til advokatar og juristar frå EØS-land. Tilsynsrådet for advokatverksemd administrerer også løyver til advokatar utanfor EØS-området.

Kriterium/vilkår:

For søknad om advokatløyve og autorisasjon som advokatfullmektig blir det kravd juridisk embetseksamen eller mastergrad i rettsvitskap. Søknad om løyve til å yte rettshjelp innanfor spesielle rettsområde krev tilfredsstillande utdanning innanfor det omsøkte rettsområdet. For å utøve rettshjelpsverksemd i Noreg må ein ha eller vere i ei verksemd som er etablert i Noreg.

Tilleggskrav for advokatselskap:
 
Krav i lov 13. august 1915 nr. 5 om domstolane (domstollova) § 231 andre ledd om at berre personar som utøver ein vesentleg del av yrkesaktiviteten sin i selskapet si teneste, kan ha eigardelar eller styreverv i advokatselskap.
 
Krav i lov 13. august 1915 nr. 5 om domstolane (domstollova) § 231 fjerde ledd om at eit advokatselskap, i tillegg til advokatverksemd berre kan drive verksemd som har naturleg tilknyting til advokatverksemda.

Merknader:

Eigne reglar gjeld for personar med utdanning/løyve frå utlandet.

Det gjeld eigne krav til oppstart og drift av verksemd. Du finn meir informasjon på nettstaden til Tilsynsrådet for advokatverksemd.

Saksbehandlingsfristar:

Tilsynsrådet for advokatverksemd skal stadfeste mottaket av søknaden din innan ein månad etter at han er motteken, og informere om eventuelle manglande dokument eller manglar. Tilsynsrådet for advokatverksemd skal ha ferdigbehandla søknaden innan tre månader etter å ha motteke nødvendige opplysningar og dokumentasjon.

Gebyr:

Ingen gebyr for søknad eller saksbehandling.

Når melding om start av verksemd er motteken av Tilsynsrådet, vil advokaten få informasjon om kva som må ordnast før verksemda kan starte. Giro for betaling av bidrag til Tilsynsrådet og Disiplinærnemnda vil samtidig bli utsend. I 2023 var samla bidrag kr 4 600.

Ein blir først registrert som praktiserande advokat når bidrag er betalt, sikkerheit er stilt og det er avklart om advokaten skal vere rekneskapspliktig eller søknad om fritak frå revisjonsplikta er motteken og akseptert av Tilsynsrådet

Gebyr for egnethetsprøve (for utenlandske advokatar som vil søkje om norsk advokatløyve): 12.000 kr.

Klage på vedtak:

Dersom Tilsynsrådet for advokatverksemd har avslått ein søknad, kan vedtaket klagast inn for Advokatbevillingsnemnda, sjå domstollova § 225 fjerde ledd. Reglane i forvaltningslova kapittel VI gjeld for klagebehandlinga, jf. domstollova § 225 åttande ledd.

Kontaktinformasjon:

Advokattilsynet
Postboks 720 Sentrum,
0106 Oslo

E-post: post@tilsynet.no
Telefon: 22 00 75 00

Besøksadresse: Rådhusgaten 23, 3. etasje

Åpne kontaktskjema