Hopp til hovudinnhaldet
  1. Start
  2. Skjemaoversikt
  3. Statsforvaltaren
  4. Rentemidlar skogfond - søknad

Rentemidlar skogfond - søknad

For organisasjonar og verksemder som skal søkje om tilskot frå fylkesvise rentemidlar av skogfond. Tilskot kan givast til konkrete prosjekt og tiltak som fremjar skogbruket. 
Søknadsfristen er 15. november for å vere med i hovudtildelinga. Søknadsskjemaet er ope, og det kan sendast inn søknader gjennom heile året.

Kven skal bruke skjemaet?

For å fylle ut og sende inn dette skjemaet må du ha ei rolle, tilgangspakke eller tilgang til ei enkeltteneste for verksemda di i Altinn.

Frå 19.6.2026 kan tilgang bli gitt på to måtar:

  • Enkeltteneste: Du kan få tildelt enkeltteneste berre for dette skjemaet.

  • Tilgangspakke(-ar): For å bruke dette skjemaet, må du ha ei av følgjande tilgangspakke(-ar) for verksemda:

    • «Tilskot, støtte og erstatning»

Roller kan ikkje tildelast nye brukarar etter 19.6.2026, men brukarar som allereie har ei rolle, kan bruke tilgangen gjennom rolla fram til 31.12.2026. Frå 1.1.2027 er det berre enkeltteneste og tilgangspakke som gir tilgang til å bruke skjemaet.

Informasjon om tildeling av fullmakter i Altinn finn du her: https://info.altinn.no/hjelp/ny-tilgangsstyring/