Hopp til hovudinnhald
Digdir logoAltinn

Melding frå bedrift/organisasjon til Statsforvaltaren

Skjema for verksemder og organisasjonar som skal sende melding til Statsforvaltaren. Skjemaet kan òg brukast til å sende sensitive opplysningar.

Når skal skjemaet brukast?

Du kan bruke dette skjemaet når bedrifta eller organisasjonen som du representerer, skal sende opplysningar til Statsforvaltaren. Skjemaet kan også brukast til å sende sensitive opplysningar, og til å ettersende dokument.

Kven skal bruke skjemaet?

For å fylle ut og sende inn dette skjemaet for verksemda di, må du ha ei rolle, ei tilgangspakke eller ein rett til ei enkeltteneste for verksemda di i Altinn.

Det er rollene «Hovudadministrator» og «Tilgangsstyring» i verksemda som kan tildele tilgang for verksemda. Tilgang kan givast på tre måtar:

  • Enkeltteneste: Du kan få tildelt enkeltteneste berre til dette skjemaet.
  • Tilgangspakke(-r): For å kunne nytte dette skjemaet, må du ha ei av følgjande tilgangspakker for verksemda:
    o Elektronisk kommunikasjon
    o Posttenester, informasjon og kommunikasjon
    o Samle opp og behandle avlaupsvatn
    o Avfall – samle inn, behandle, bruke og gjenvinne
    o Dokumentbasert tilsyn
    o Tilskot, støtte og erstatning
    o Politi og domstol
    o Beredskap
    o Servering
    o Kommuneoverlege
    o Helsetenester med personopplysningar av særleg kategori
    o Helsetenester
    o Pleie- og omsorgstenester i institusjon
    o Sosiale omsorgstenester utan butilbod og flyktningmottak
    o Barnevern
    o Næringsmiddel, drikkevarer og tobakk
    o Jordbruk
    o Dyrehald
    o Reindrift
    o Jakt og viltstell
    o Skogbruk
    o Fiske
    o Akvakultur
    o Politikk
    o Renovasjon
    o Miljørydding, miljøreinsing og liknande
    o Berekraft
    o Tryggleik og internkontroll
    o Barnehageeigar
    o Barnehageleiar
    o Barnehagemyndigheit
    o Statsforvaltar – barnehage
    o Statsforvaltar – skule og opplæring
    o Skuleeigar
    o Skuleleiar
    o Opplæringskontorleiar
    o PPT-leiar, SFO-leiar
    o Høgare utdanning og høgare yrkesfagleg utdanning
    o Godkjenning av utdanningsverksemd

  • Rolle: Fram til 19.6.2026 er det mogleg å tildele rolle i Altinn. Det er rollene «Utfyllar/innsendar» og «Dagleg leiar» som gir deg tilgang til dette skjemaet.
    Roller kan ikkje nyttast etter 31.12.2026. Frå 1.1.2027 er det berre enkeltteneste og tilgangspakke som gir tilgang til å bruke skjemaet.
Kvifor skal skjemaet brukast?

Dersom du sender sensitive opplysningar til oss via vanleg e-post, kan du risikere at andre får tilgang til informasjonen du deler. Det digitale meldingsskjemaet kan trygt brukast til sensitiv informasjon, og systemet handterer også store vedlegg.

Treng du hjelp?