Hopp til hovudinnhaldet
  1. Start
  2. Skjemaoversikt
  3. Statsforvaltaren
  4. Kommunalt rusarbeid tilskot - kapittel 765 post 62 - søknad og rapportering

Kommunalt rusarbeid tilskot - kapittel 765 post 62 - søknad og rapportering

Dette skjemaet er deaktivert, og det er ikkje mogleg å sende inn svar no. Skjemaet vil bli aktivert igjen ved neste rapportering. Ver venleg å ta kontakt dersom du har spørsmål.

MERK: Det blir vist til budsjettforliket og Stortinget sitt budsjettvedtak for 2026. Løyvinga til kommunalt rusarbeid over statsbudsjettet kap. 765, post 62 blir innlemma i rammetilskotet til kommunane for budsjettåret 2026. Det vil ikkje lenger vere mogleg å søkje om tilskot over ordninga.

Kommunar som mottok tilskot over ordninga i 2025 skal rapportere på midlane innan 1. februar 2026. 

Kven skal bruke skjemaet?

For å fylle ut og sende inn dette skjemaet må du ha ei rolle, tilgangspakke eller tilgang til ei enkeltteneste for verksemda di i Altinn.

Frå 19.6.2026 kan tilgang bli gitt på to måtar:

  • Enkeltteneste: Du kan få tildelt enkeltteneste berre for dette skjemaet.

  • Tilgangspakke(-ar): For å bruke dette skjemaet, må du ha ei av følgjande tilgangspakke(-ar) for verksemda:

    • «Tilskudd, støtte og erstatning»

Roller kan ikkje tildelast nye brukarar etter 19.6.2026, men brukarar som allereie har ei rolle, kan bruke tilgangen gjennom rolla fram til 31.12.2026. Frå 1.1.2027 er det berre enkeltteneste og tilgangspakke som gir tilgang til å bruke skjemaet.

Informasjon om tildeling av fullmakter i Altinn finn du her: https://info.altinn.no/hjelp/ny-tilgangsstyring/