Hopp til hovudinnhaldet
  1. Start
  2. Skjemaoversikt
  3. Statsforvaltaren
  4. Klage på gjennomføring av lokal gitt eksamen

Klage på gjennomføring av lokal gitt eksamen

Skjema for skular/fylkeskommunar som skal sende inn klage på gjennomføringa av munnleg eksamen og eksamen som ikkje berre er skriftleg eller munnleg til Statsforvaltaren for behandling. Er du elev og vil klage, må du ta kontakt med rektor ved skulen din. Er du privatist og vil klage, må du ta kontakt med privatistkontoret.

Kven skal bruke skjemaet?

For å fylle ut og sende inn dette skjemaet må du ha ei rolle, tilgangspakke eller tilgang til ei enkeltteneste for verksemda di i Altinn.

Frå 19.6.2026 kan tilgang bli gitt på to måtar:

  • Enkeltteneste: Du kan få tildelt enkeltteneste berre for dette skjemaet.

  • Tilgangspakke(-ar): For å bruke dette skjemaet, må du ha ei av følgjande tilgangspakke(-ar) for verksemda:

    • «Statsforvaltar-skule og opplæring»

Roller kan ikkje tildelast nye brukarar etter 19.6.2026, men brukarar som allereie har ei rolle, kan bruke tilgangen gjennom rolla fram til 31.12.2026. Frå 1.1.2027 er det berre enkeltteneste og tilgangspakke som gir tilgang til å bruke skjemaet.

Informasjon om tildeling av fullmakter i Altinn finn du her: https://info.altinn.no/hjelp/ny-tilgangsstyring/