Forliksråd, stadfortredar for ein kort periode
Når verken medlemmar eller vara kan møte i forliksrådet, kan kommunen oppnemne ein stadfortredar, anten for ei konkret sak eller for ein periode på inntil tre månader. Bruk skjemaet for å melde frå om slik vikar.
Kven skal bruke skjemaet?
For å fylle ut og sende inn dette skjemaet må du ha ei rolle, tilgangspakke eller tilgang til ei enkeltteneste for verksemda di i Altinn.
Frå 19.6.2026 kan tilgang bli gitt på to måtar:
Enkeltteneste: Du kan få tildelt enkeltteneste berre for dette skjemaet.
Tilgangspakke(-ar): For å bruke dette skjemaet, må du ha ei av følgjande tilgangspakke(-ar) for verksemda:
«Politi og domstol»
Roller kan ikkje tildelast nye brukarar etter 19.6.2026, men brukarar som allereie har ei rolle, kan bruke tilgangen gjennom rolla fram til 31.12.2026. Frå 1.1.2027 er det berre enkeltteneste og tilgangspakke som gir tilgang til å bruke skjemaet.
Informasjon om tildeling av fullmakter i Altinn finn du her: https://info.altinn.no/hjelp/ny-tilgangsstyring/